Øystre Slidre Bonde- og Småbrukarlag og Øystre Slidre Bondelag samla seg i merknad: «LNF-områda som ligg omkring dette kombinerte støls- og hytteområdet er viktig for beiting»

Både Øystre Slidre Bonde- og Småbrukarlag ved leiar Marit Helene Bryhn-Svensen og Øystre Slidre Bondelag ved leiar Tove Grethe Kolstad har sendt inn merknad til oppstart av reguleringsplanen for Skalstølen. Dei kom inn måndag, men allereie laurdag hadde då rådmann Jostein Aanestad trekt forslaget om bygging ovanfor Stølslie på Beitostølen.