Øystre Slidre: Alle folkeregistrerte personar i Øystre Slidre vil bli kontakta pr. telefon eller sms om vaksinering, opplyser kommunen. Det skjer rundt 10 til 14 dagar før vaksineringsdato. Kommunen skriv at det er viktig at dei som får ein slik SMS, svarar på den. Dei som har takka nei tidlegare, men har ombestemt seg, må ta kontakt.
«Merk at kommunen ikkje har ansvar for å vaksinere turistar eller dei som har fritidsbustad. Desse må få tilbod om vaksine i eigen kommune», skriv kommunen.
«Me forstår at dykk er utolmodige, men alle vil få tilbod om vaksine, når det etter nasjonale retningslinjer er din tur. Det er særs viktig at alle forstår at dei må nytte tilbodet når dei får det, dette for å redusere arbeidsmengda med logistikk», avsluttar Øystre Slidre kommune.

Desse kommunane vil prioritere lærarar og barnehagetilsette i vaksinekøen

Bed folk om å planleggje ferien
