Øystre Slidre går ikkje inn med rein pengestøtte til Valdres folkemuseum, men gjer lånegaranti

Torsdag var støtta til Valdres folkemuseum si restaurering oppe i kommunestyret. Der fall forslaget til Ap med tilskot på 85.000 kroner med 10 mot 11 røyster. – Vi vedtek å støtte til ein pumptrack for sykkel på Beitostølen til 345.000 kroner, men vil ikkje støtte vårt eige museum, sa Alice Gudheim i Venstre.