Øystre Slidre gjennomførte kommunestyremøte via Teams, utan tilhøyrarar, men pressa fekk vera med

Med den nye "koronaloven" i hand, kunne Øystre Slidre gjennomføre kommunestyremøte torsdag som planlagt. Alle dei 21 politikarane fekk logga seg på og saksbehandlinga gjekk som planlagt. Møtet gjekk via portalen Teams, men ingen publikummarar kunne følgje debatten.