Øystre Slidre helsetun vil utvide med 1,3 dekar, men då tek dei meir landbruksjord

For å oppnå god nok storleik på sansehagen til Øystre Slidre helsetun og større avstand mellom helsetunet til ein kombinert beredskapsveg for utrykkingskøyretøy og gangveg, søkjer kommunen om dispensasjon for å utvide tomta for Øystre Slidre helsetun i vestleg retning med 8 meter. Dette er eit samla areal på om lag 1,3 dekar eller 1300 kvadratmeter landbruksjord.