I rute med helsetunet. På denne byggeplassen kjem det 36 sjukeheimsrom og 18 omsorgsbustader

Artikkelen er over 1 år gammel

Øystre Slidre kommune er i ferd med å reise det nye Øystre Slidre helsetun. 6.500 kvadratmeter bruksareal skal romme 36 sjukeheimsrom og 18 omsorgsbustader med heildøgns bemanning. - Vi er i rute, seier prosjektleiar for kommunen, Hans Kristian Syversen.