Øystre Slidre kommune: Stoppa anbodsprosessen med utgreiing av næringsområdet ved Beitostølen

Torsdag sende Øystre Slidre kommune ut brev til dei tre tilbydarane Norconsult Sogndal, Areal + og Nordplan om at dei stoppar utgreiing av næringsområdet ved Beitostølen ved bruk av konsulentselskap. Alle tre selskapa hadde levert inn tilbod som var kvalifiserte. No vil kommunen gjera jobben sjølv.