Øystre Slidre kommune vil kjøpe grunn av Opplysningsvesenets fond for 5,8 millionar kr. Taksten var 16,1 millionar kr

Torsdag var det kommunestyremøte i Øystre Slidre via det nettbaserte Teams. Dei vedtok å bruke 5,8 millionar kroner for å kjøpe grunn av Opplysningsvesenets fond (OVF) til det nye bustadområde i Heranglie i Heggenes. Då var prisen pruta ned ti millionar kroner ifrå taksten på 16,1 millionar kroner.