Øystre Slidre kommune får arv på sju millionar kroner etter Øystein Grønolen i Beito

Valdres Tingrett har sendt brev til Øystre Slidre kommune og informert om at avdøde Øystein Grønolen i Beito har testamentert alt han eigde til "fordel for dei eldre" i kommunen. Med garden Søndre Grønolen i Beito og støl ved Vinstern, dreier det seg totalt om sju millionar kroner.