Veg til hyt­ter over Grytebekkosen kan med­fø­re at ein gyte­lo­ka­li­tet blir nedfylt og øy­de­lagt. Det pro­tes­te­rer grunn­ei­garen imot

For­mann­ska­pet har lagt re­gu­le­rings­pla­nen for Grytebekkosen i Rogne ut til of­fent­leg et­ter­syn. Blir ve­gen laga, skriv kom­mu­nen at det "kan medføre at ein gyte­lo­ka­li­tet blir nedfylt og øy­de­lagt". Om­rå­det går gjen­nom LNF-om­rå­de. Grunn­ei­gar Knut Odd­var Rogne vil ik­kje ha veg gjen­nom tei­gen sin, men vil at ve­gen skal koma inn frå ein an­nan kant.