Gravearbeid i Øystre Slidre har ført til telefonproblem ved legekontoret på Heggenes

Øystre Slidre kommune opplyser på sine heimesider at det på grunn av gravearbeid, ikkje er mogleg å nå fram til legekontoret på Heggenes. Øyeblikkeleg hjelp kan nås på 116117.

DEL

Dette skriv Øystre Slidre kommune:

"Vi har fått melding om at telefonlinjene til legekontoret på Heggenes er nede grunna gravearbeid. Det er etablert ei nødløysing, men det kan vere vanskeleg å nå gjennom på telefon. Vi bed difor om at henvendingar som ikkje hastar, ventar til i morgon, onsdag.

Ved behov for øyeblikkeleg hjelp, ring 116117.

Telenor har sagt at linjene skal vere i orden innan kl. 1600 i dag, tysdag. Legetime kan bestillast på kommunens nettsider."

Artikkeltags