Vatn og avløp skal fram i Øystre Slidre

    Artikkelen er over 1 år gammel

    – Det er nødvendig og vi har råd til det, seier rådmann Øivind Langseth om alle kilometrane med vatn- og avløpsleidningar som Øystre Slidre kommune grev ned i bakken.

    DEL

    Heggenes: Avisa Valdres tok ein prat med anleggsarbeidarane som driv på nokre hundre meter lenger nord enn tidlegare Heggenes motell. Der driv Øynebråten Anleggsteknikk AS frå Gol med ein vatn- og avløpsleidning (VA) på 2.560 meter frå Nordtorp til Sæle (gamle Heggenes motell).

    Litt lenger nord er Kroon Maskin AS frå Fagernes i gang med VA sørover for å møte anleggsarbeidet til Øynebråten. Det er ein strekning på 4.600 meter, frå Kjøk til Nordtorp.

    Millionar av kroner

    Om innbyggjarar i Øystre Slidre lurer på kva i all verda er det som skjer i nattas mulm og mørke, så er det altså gravemaskiner som grev ned millionar av kroner i vatn og avløp for kommunen. Når dei er ferdige til sommaren, så er leidningsnettet kopla saman frå Beitostølen og ned til reinseanlegget ved Nedrefoss.

    – Om vi summerer dette, så har Kroon Maskin ein jobb til 23 millionar kroner og Øynebråten Anleggsmaskin halvparten av dette på cirka 12 millionar kroner. Så er det brukt fleire millionar kroner i VA fram til Kjøk, fortel Hans Kristian Syversen, leder for planavdelinga i Øystre Slidre kommune.

    Nedrefoss reinseanlegg

    – Vi må nok på sikt gjere noko med leidningsnettet vidare frå Sæle til Nedrefoss. Dette er underdimensjonert. Men, når leidningsnettet er klart til sommaren, så kan vi sleppe på meir ned til Nedrefoss. På sikt må nok dette leidningsnettet òg skriftast ut og reinseanlegget må byggjast ut. Men, vi valde å ikkje auke på reinseanlegget i Beito, så greier vi oss med å oppgradere berre eit av reinseanlegga på sikt, legg Syversen til.

    Hallingar i Valdres

    Framdrifta til både Kroon Maskin og Øynebråten Anleggsteknikk er god. Elles er dette fyrste store jobben til Gol-firmaet i Valdres, ifølge anleggsleiar Espen Øynebråten.

    Det er med valdrisar i jobben for hallingane. Martinsen Anlegg AS frå Leira er innleidd, der Asgeir Martinsen var i full gang med arbeidet.

    Ikkje tvungen påkopling

    Rådmann Øivind Langseth seier at det ikkje er tvungen påkopling, men at det er sett av pengar til å stimulere til at dei som bur langs strekningen, vil gjere dette. Nye bustadfelt og må rekne med å kople seg på derimot.

    Artikkeltags