Ny sprekk: Må auke budsjettramma for Øystre Slidre helsetun med 33,8 millionar kroner

Då politikarane behandla anboda for nye Øystre Slidre helsetun for eit år sidan, vart bygget 39 millionar kroner dyrare enn planlagt. No viser det seg at prosjektet blir ytterlegare 33,8 millionar kroner dyrare. Det nye kommunestyret får saka på bordet torsdag med ein endeleg prislapp på helsetunet på 262,8 millionar kroner. Med moms 328,5 millionar kroner.