Det er 4640 hytter i Øystre Slidre, men lite sannsynleg at hytteeigarane vil flytte for godt til hytta

Tingvang: Nyleg var Harald Husabø frå konsulentselskapet BDO i Sogn og Fjordane i kommunestyret for å informere. Her viser han fram kvar det er flest fritidsbustader i Øystre Slidre kommune.

Tingvang: Nyleg var Harald Husabø frå konsulentselskapet BDO i Sogn og Fjordane i kommunestyret for å informere. Her viser han fram kvar det er flest fritidsbustader i Øystre Slidre kommune. Foto:

Øyst­re Slidre kom­mu­ne har gjennomført eit forpro­sjekt for bu­set­nad, in­no­va­sjon og næ­rings­ut­vik­ling. Må­let er å auke ta­let på inn­byg­gja­rar i kom­mu­nen til fleire enn dei 3200 som bur der i dag. Vil eigarane av fritidsbustadene slå seg ned på Beitostølen? Ikkje sannsynleg, viser forprosjektet.

DEL

Tingvang: Ny­leg var Har­ald Hu­sa­bø frå kon­su­lent­sel­ska­pet BDO i Sogn og Fjordane i kom­mu­ne­sty­ret for å in­for­me­re. BDO er et fir­ma som driver med jus, re­vi­sjon og rek­ne­skap.

Vil ha flei­re inn­byg­gja­rar

Øyst­re Slidre kom­mu­ne har vore of­fen­si­ve i plan­leg­gin­ga av nye bu­stad­felt, slik som i Solhauglie. No har dei gjennomført eit forprosjekt der målet er å auke ta­let på inn­byg­gja­rar.

I pre­sen­ta­sjo­nen gjekk konsulent Harald Hu­sa­bø inn på fire om­rå­de; Kva som skal til for at del­tids­inn­byg­gja­rar, gjes­te­ar­bei­da­rar og asyl­sø­kja­rar skal slå seg ned i Øystre Slidre. Det er òg eit spørs­mål om kom­mu­nen har til­strek­ke­leg med bu­sta­der el­ler dei ret­te bu­sta­de­ne.

Øystre Slidre kommune: Det er 4640 fritidsbustader i kommunen. 1920 av dei ligg på Beitostølen.

Øystre Slidre kommune: Det er 4640 fritidsbustader i kommunen. 1920 av dei ligg på Beitostølen. Foto:

Det er 4640 fri­tids­bu­sta­der i kom­mu­nen. 1920 av dei ligg på Bei­to­stø­len. Så følgjer Rogne med 902, Heg­ge­nes med 794, Skam­me­stein med 443, 375 utan post­num­mer og 206 i Bei­to.

Av dei 4640 bu­sta­de­ne, er hei­le 4283 av dei pri­va­te, medan 357 er eigd av fir­ma.

Over halv­par­ten frå Oslo og om­egn

Hu­sa­bø for­tal­de at av dei 4640 fri­tids­bu­sta­de­ne, så kjem hei­le 1099 ei­ga­rar frå Oslo. Der­et­ter kjem 807 frå As­ker og Bærum, 514 frå Akers­hus og 120 frå Vest­fold. Legg ein des­se sam­an så blir det 2540 som kjem sør for Sol­li­høg­da. Det sva­rar til over halv­par­ten, men då har ik­kje BDO klart å fin­ne ut kor 884 hyt­te­ei­ga­rar kjem frå.

Fak­tisk kjem berre 491 frå Øyst­re Slidre, som er 10,6 pro­sent. 102 kjem frå Vald­res og 266 frå Innlandet.

Høg al­der på ei­ga­ra­ne

Kon­su­len­ten Hu­sa­bø la fram tal som vis­te at av hyt­te­ei­ga­ra­ne, så er al­de­ren høg. Fak­tisk så er 1262 over 70 år, 1063 er mel­lom 61–69 år, 1111 er 51–60 år. Så var det ve­sent­leg fær­re blant dei yng­re ei­ga­ra­ne. 551 er mel­lom 41–50 år, 236 i al­de­ren 31–40 år og berre 59 er un­der 30 år.

Stu­die i Nord-Aurdal–lite sann­syn­leg med flyt­ting

Hu­sa­bø trakk pa­ral­lel­len til Nord-Aurdal kom­mu­ne, der Øst­lands­forsk­ning had­de ein stu­die i 2011 som heit "Second homes". Der vis­te det seg at 71,5 pro­sent av hyt­te­ei­ga­ra­ne svar­te at det var lite sann­syn­leg at dei vur­der­te fast flyt­ting til fri­tids­bu­sta­den i nær fram­tid. 20,8 pro­sent svar­te nep­pe sann­syn­leg. Ber­re 0,6 og 0,8 pro­sent svar­te svært sann­syn­leg og tru­leg.

Å ha fri­tids­bu­sta­den som base for job­ben var heller ik­kje sann­syn­leg for man­ge. Ber­re cirka 5 pro­sent.

– Dei som kan tenkje seg å flyt­te til Øyst­re Slidre er pen­sjo­nis­tar el­ler per­so­nar i "frie yrke", som ik­kje er stad­bund­ne (til dø­mes ju­ri­dis­ke ten­es­ter, kurs og råd­gje­vings­te­nes­ter, rek­ne­skaps­ten­es­ter, red.anm.). Per­so­nar som job­bar in­nan te­nes­te­yt­ing og per­son­leg pleie, kan òg ut­fyl­le til­bo­det på Bei­to­stø­len, for­tal­de Hu­sa­bø.

Flest gjes­te­ar­bei­da­rar frå Li­tau­en

Kon­su­len­ten frå BDO vis­te plan­sjar frå 2018, då det var 64 gjes­te­ar­bei­da­rar i Øyst­re Slidre. Då var det flest gjes­te­ar­bei­da­rar frå Li­tau­en (23 stk.), medan det var klart fær­re frå Sve­ri­ge, Dan­mark, Tsjek­kia, Slo­va­kia, Fin­land, Est­land og Po­len (frå 8 til 3 stk.).

Men, i bygg- og an­leggs­bran­sjen har ein man­ge gjes­te­ar­bei­da­rar, men des­se har ik­kje nød­ven­dig­vis for­ret­nings­ad­res­se i Øyst­re Slidre.

– Det er man­ge gjes­te­ar­bei­da­rar som kjen­ner på at dei blir be­hand­la med li­ten re­spekt på byg­gje­plas­sa­ne, sa Ove Ska­ret (Ap).

Han fekk støt­te frå flei­re i det. Bakgrunnen kan vera at ein del tju­ve­ri i Vald­res kan fø­rast til­ba­ke til bes­tem­te land. Dette har igjen ført til at gjes­te­ar­bei­da­rar frå des­se lan­da blir møtt med ein viss skepsis.

Artikkeltags