Frivilligprisen for 2018 gjekk til dei frivillige på Frivilligsentralen

Mottok prisen: Randi Lauvrud og Jens Rogne Renna med prisen, eit keramikkfat laga av Ester Schenker.

Mottok prisen: Randi Lauvrud og Jens Rogne Renna med prisen, eit keramikkfat laga av Ester Schenker. Foto:

Frivilligprisen for 2018 gjekk til dei frivillige på Frivilligsentralen. Det skriv Øystre Slidre kommune på sine heimesider.

DEL

Øystre Slidre: Øystre Slidre Frivilligsentral har slagordet "Aktiv for trivsel" og har som mål å vere eit kraftsenter for folkehelsearbeid og frivillig verksemd i kommunen.

Mange aktivitetar

"Frivilligsentralen skal styrke nærmiljøet i kommunen, formidle tenester mellom innbyggjarane på frivillig grunnlag og etablere kontakt på tvers av generasjonar og kulturar. Dei held til på Moatunet på Heggenes og er ein triveleg møteplass for folk i alle aldrar, med særleg vekt på eldre.

Dei har mange faste aktivitetar som trimgrupper, babytreff, flyktningtilbod, handarbeidstreff, lesestund, sittedans, dansekveldar, musikktreff, fredagskafe, hjelpeoppdrag og utkøyring av oppfyringsved, guida fjellturar og trilleturar.

Frivilligsentralen har om lag 70 frivillige hjelparar. Dei frivillige gjer ein fantastisk innsats, og opplever det som eit svært gjevande arbeid. Å vera frivillig gjev mykje attende, også i form av auka livskvalitet", skriv kommunen på sine heimesider.

Eldsjeler

"Øystre Slidre kommune er svært takksam for alle dei frivillige eldsjelene som deler raust av si tid. Prisen vart delt ut på juleavslutninga på Volbu grendehus 19. desember. Randi Lauvrud og Jens Rogne Renna tok imot prisen, eit keramikkfat laga av Ester Schenker", les vi på heimesida.

Artikkeltags