Øystre Slidre med 44. plass på Kommunebarometeret

Artikkelen er over 1 år gammel

For åttande året på rad har Øystre Slidre kommune utarbeida ei «verksemdsanalyse». Denne vart presentert for formannskapet torsdag. Øystre Slidre kommune er på 44. plass i den førebelse versjonen av Kommunal Rapport si årlege kåring av landets beste kommunar (36. plass utan justering for inntektsnivå) "Kommunebarometeret 2018". - Vi er med dette beste valdreskommune og nummer fire i Oppland fylke, opplyser kommunen.