Varslingsbrev av fire hovudtillitsvalde mot sitjande rådmann: Øystre Slidre kommune har behandla saka og konkluderer med dårlege samarbeidsforhold

Varsling: Fire hovudtillitsvalde har sendt varslingsbrev til Øystre Slidre kommune, der dei beskriv eit møte med rådmann Øivind Langseth.

Varsling: Fire hovudtillitsvalde har sendt varslingsbrev til Øystre Slidre kommune, der dei beskriv eit møte med rådmann Øivind Langseth. Foto:

Fire hovudtillitsvalde har sendt varslingsbrev til Øystre Slidre kommune, der dei beskriv eit møte med rådmann Øivind Langseth. Brevet har tittelen «Varsel om trakassering».

DEL

Tingvang: Avisa Valdres har ei god stund vore kjend med varslingsbrevet, men som ikkje har kome på postlista til kommunen. Møtet mellom dei hovudtillitsvalde og rådmannen vart halde 7. mars.

Unnateke offentlegheit

Då avisa Valdres etterspurde brevet, så fekk vi ikkje innsyn i dette, men ordførar Kjell Berge Melbybråten brukte paragrafane 5 og 23 i offentleglova for å unnta dokumentet offentlegheit.

Avisa Valdres ba då om meiroffentlegheit, men fekk følgjande svar: "Kommunen har foretatt en meroffentlighetsvurdring etter offentleglova § 11, men har kommet til at behovet for unntak her veier tyngre enn hensynet til offentlig innsyn. Saka blir sendt til fylkesmannen for endelig avgjørelse."

– Kritikkverdig og uverdig

Tysdag kom det ein e-post frå ordførar Kjell Berge Melbybråten med varslingsbrevet som vedlegg. Dette varslingsbrevet er underskrive av dei hovudtillitsvalde i Fagforbundet, Utdanningsforbundet, Delta og Norsk Sykepleier Forbund.

Dei skriv at dei opplever rådmannen sin opptreden under møtet torsdag 7. mars som «kritikkverdig og uverdig». Dei skriv vidare at dei opplever at "rådmannen gjennom hele møtet har en bevisst negativ holdning og kommunikasjon overfor Utdanningsforbundets representant. Totalen av dette oppleves som bevisst trakassering. Det er også vår oppfatning at rådmannen på slutten av møtet framsetter trusler."

Brevet blir avslutta med at dei hovudtillitsvalde skriv at dei opplever denne typen hendingar som øydeleggjande for arbeidet som blir utført og stiller spørsmål om det er hensiktsmessig å gjennomføre denne typen møter i resten av rådmannen si funksjonsperiode.

Som kjend går rådmann Øivind Langseth av med pensjon til sumaren og ny rådmann er på plass 29. april.

Avisa Valdres har teke kontakt med rådmann Øivind Langseth for ein kommentar til saka. Han skriv følgjande i ein e-post:

Følgde varslingsrutinar

Ordførar Kjell Berge Melbybråten skriv i e-posten til avisa Valdres at saka har vore handtert av kommunen ved formannskapsmedlemmane Odd Erik Holden, Hanne Svendsen og ordførar Kjell Berge Melbybråten. Dei har hatt bistand frå KS advokat Solfrid Vaage Haukaas.

Ordføraren skriv: "Kommunen har eigne varslingsrutinar som er følgt i saka. Det vil seie i korte trekk: Kommunen har bekrefta at den har mottatt varselet og at det blir følgt opp i.h.t. våre rutinar. Kommunen har undersøkt saka ved samtale med varslarane og den det er varsla mot. Kommunen har gjort ei vurdering i saka med bistand frå KS."

Konklusjon om samarbeid

Ordføraren skriv vidare: "Varselet viser at samarbeidet ikkje er så godt som kommunen ønskjer, og kommunen vil sette fokus på dette når ny rådmann er på plass. Vidare personleg samarbeid mellom rådmann og tillitsvalde vil skje når ny rådmann tiltrer 29.4.19."

Den nye rådmannen Jostein Aanestad er allereie presentert for kommunestyret og er altså i gang 29. april.

Øystre Slidre formannskap: Kommunalsjef Rolf Stalenget (t.v.) og ordførar Kjell Berge Melbybråten.

Øystre Slidre formannskap: Kommunalsjef Rolf Stalenget (t.v.) og ordførar Kjell Berge Melbybråten. Foto:

Kommentarar

Avisa Valdres har óg teke kontakt med ordførar Kjell Berge Melbybråten om han vil utdjupe saka. Han skriv følgjande i ein e-post:

- Varslingsbrevet har som eg har svart på tidlegare, vore journalført, men er registrert som ein personalsak. Personalsaker syner ikkje på postlista som ligg ute på nett, så det er feil at den ikkje har vore journalført. Men personalsaker er etter våre rutiner ikkje åpne, då dei kan innehalde personopplysningar og sensitive opplysningar som ikkje bør koma ut før dei er vurdert.

Utover dette vil han ikkje kommentere saka.

Utdanningsforbundet kommenterer saka slik:

Artikkeltags