Ordføraren er bestemt, men kven blir varaordførar i Øystre Slidre?

Senterpartiet vart størst, så kom Arbeidarpartiet og Høgre. Ordførar blir Odd Erik Holden (Sp), men kven blir varaordførar? Bjarne Budal (Ap) og Bente Oxhovd (H) er på topp for dei to andre partia.