William Shakespeare på Valdres folkemuseum

Konsert: Øystre Slidre sanglag inviterer til konsert og foredrag med William Shakespeare som hovudperson 26. mai.

Konsert: Øystre Slidre sanglag inviterer til konsert og foredrag med William Shakespeare som hovudperson 26. mai. Foto:

Øystre Slidre sanglag inviterer til konserten og foredraget «Dressing old words new». Gjennom ord og musikk vil publikum få møte forfattarskapen til William Shakespeare.

DEL

Øystre Slidre: – Shakespeare er av mange rekna som den største forfattaren gjennom tidene, og tekstane hans har vore til inspirasjon for både forfattarar, komponistar og andre kunstnarar. Vi ynsker å presentere ein konsert med ein tematisk samanheng, og sidan eg er utdanna både som musikar og innan litteraturvitenskap, så syntes eg Shakespeare var eit spennande utgangspunkt, seier dirigent Are Alund.

Forfattar og kommentator

Konserten er ikkje berre ein korkonsert. Publikum får også møte Inger Merete Hobbelstad, kommentator i Dagbladet, som vil fortelje om Shakespeare og innleie til dei ulike stykka.

– Eg har brukt litt tid det siste året på å sette meg inn i Shakespeare sin forfattarskap, og eg kom tidleg over Hobbelstad si bok "Å leve med Shakespeare". Eg syntes Hobbelstad på ein heilt spesiell måte klarer å kombinere det faglege og personlege i tekstane sine. Ho bruker eigne erfaringar, og ho trekk parallellar mellom Macbeth og Abraham Lincoln, Hamlet og August Strindberg likesåvel som Othello og Barack Obama. Eg var svært fornøgd då ho sa ja til å samarbeide med oss om konserten, fortel Alund.

Virtuos og lokal pianist

I løpet av konserten vil publikum og få sjansen til å høyre pianisten Stian Alexander Olsen, som vaks opp på Fagernes. Dei siste åra har han budd i Oslo, der han har tatt mastergrad i klaver ved Norges musikkhøgskole. Han har ved fleire høve hatt konsert i Valdres og har synt seg både som ein lyrisk og virtuos musikar. Stian vil akkompagnere koret på nokre av stykka, men han vil og framføre soloverk, mellom anna av Prokofiev, som er basert på William Shakespeares litteratur.

Stian Alexander Olsen

Stian Alexander Olsen Foto:

Shakespeare i nye gevantar

Øystre Slidre sanglag har øvd inn mykje nytt repertoar i løpet av vinteren og ser fram til å presentere musikken for valdrespublikumet.

– Hovudvekta av korrepertoaret er faktisk skrive av nordiske komponistar frå nyare tid. Tittelen på konserten er henta frå eit av verka, men beskriv også korleis dei 400 år gamle orda stadig får ny innpakning. Det er inspirerande å arbeide med tekstar som syner ein slik slitestyrke, og for oss som kor er det spennande å kunne samarbeide med profesjonelle aktørar på eit høgt nivå. Vi håpar at vi med kombinasjonen mellom litteratur og musikk vil nå eit breitt kulturinteressert publikum i Valdres, avsluttar Alund, som håpar på to fulle hus i festsalen på Valdres folkemuseum, søndag 26. mai.

Artikkeltags