Øystre Slidre tilrår bruk av munnbind i samband med jul og nyttårsfeiringa

Kommuneoverlege Arild Jacobsen i Øystre Slidre går saman med ordførar og rådmann ut og tilrår bruk av munnbind for å sikre ei trygg jule og nyttårshelg med stor tilreising.

DEL

- Øystre Slidre kommune er oppteken av å sikre innbyggarar, deltidsinnbyggarar og gjester ei trygg jule- og nyttårshelg i kommunen. Vi ber alle setja seg inn i dei generelle råda som nasjonale helsestyresmakter har kome med. Å følgje desse råda nøye er det viktigaste tiltaket for å hindre spreiing av covid-19 viruset, skriv dei tre på kommunens heimeside.

Vanskeleg å halde meteren

- Vi venter stor tilreising til kommunen Mange tilreisande kan gjere det vanskeleg å halde meteren særleg i sentrum og i butikkane. Der det ikkje er mogleg å halde meteren tilrår vi bruk av munnbind for alle over 12 år. Tilrådinga er i samsvar med råda frå Folkehelseinstituttet og Fylkesmannen i Innlandet..

Det er viktig å minne om at munnbind ikkje erstatter dei andre viktige smitteverntiltaka vi no kjenner så godt, seier dei vidare. Og gjentar:

Pass på å halde avstand

Hugs å sprite hende, eller vaske hendene grundig med såpe og vatn

Det aller viktigaste: Halde deg heime om du er sjuk



Artikkeltags

Kommentarer til denne saken