Brøyter likevel til Båtskaret

Unntak: Det skal brøytast Garli - Båtskaret i vinter (biletet er frå åra då Valdresflyvegen vart brøytt frå nord).

Unntak: Det skal brøytast Garli - Båtskaret i vinter (biletet er frå åra då Valdresflyvegen vart brøytt frå nord).

Artikkelen er over 2 år gammel

Det ordna seg til bra for Bygdin Fjellhotell, som stod i fare for ikkje å få brøytt veg frå Garli til Båtskaret i vinter.

DEL

ØYSTRE SLIDRE: Oppland fylkeskommune (OFK) innrømmer noko manglande informasjon til Bygdin Fjellhotell rundt vedtaket om å slutte å brøyte strekninga Garli - Båtskaret i vintersesongen. Dei gjer difor eit unntak, og brøyter i vinter også.

Ville skapt umuleg situasjon

Det var i avisa torsdag vi siterte hotelleigar Per Otterness, som var særs overraska over pressemeldinga Statens vegvesen la ut måndag, om at det strekninga ikkje skulle brøytast i vinter. Otterness meinte å ha blitt lovd tidleg varsling dersom dette vart aktuelt. Utan veg ville hotelldrifta blitt nesten umuleg, og hotellet var forlengst fylt frå 24. mars.

Lovde ny vurdering

Avisa tok onsdag kontakt både med Statens vegvesen og Oppland fylkeskommune rundt saka. Sjølv om assisterande fylkesrådmann Hjalmar Solbjør meinte at Otterness burde vera godt kjend med vedtaket i fylkeskommunen, lovde han å sjå på saka på nytt, og kanskje koma til ei ordning så hotellet ikkje vart sett i ei knipe.

Brøyter likevel i vinter

Alt torsdag kom tilbakemeldinga frå OFK. Dei vil likevel brøyte Garli - Båtskaret i vinter, ut frå behovet Bygdin Fjellhotell har.

Otterness er sjølvsagt både letta og glad for dette, svarar han på SMS frå ferie i utlandet.

Burde informert direkte

Men neste vinter er det altså slutt. Dette står tydeleg i mailen frå Anne Elisabeth Thoresen, leiar for komité for samferdsel og trafikktryggleik i fylkeskommunen:

«Oppland fylkeskommune mener at det etter fylkesutvalgets vedtak, om vinterstenging av Valdresflya fra Garli til Maurvangen i perioden 15/12 til 1/4, er tilstrekkelig bekjentgjort at Garli - Båtskaret skal være stengt fra høsten 2017 ( vedtaket gjelder fra 2016). OFK ser likevel at Bygdin kunne ha vært bedre informert direkte og i god tid i forkant av årets sesong og vil imøtekomme brøyting av strekningen Garli - Båtskaret vinteren 2017 i dialog med Bygdins behov. Oppland fylkeskommune presiserer at vinterstenging fra Garli vil tre i kraft fra og med desember 2017. Dette vil den enkelte berørte virksomhet bli meddelt i eget brev», skreiv altså Thoresen.

Vil sjå sakspapir

Avisa har bedt fylkeskommunen om å sende saksutgreiing og vedtaket frå januar 2016 i saka om brøyting, då vi så langt ikkje har sett reelle argument for endringa.

__________

Brøyting Garli - Båtskaret

  • Strekninga er brøytt i 40 år, frå vinterferien til over påske
  • Dette for å sikre vinterdrift ved Bygdin Fjellhotell, som er avhengig av veg til Båtskaret, og beltebiltransport vidare
  • Oppland fylkeskommune vedtok i fjor å kutte ut brøyting frå 2016, men gjorde unntak i fjor
  • Etter innspel frå avisa, og frå hotelleigar Otterness, vart det vedteke å brøyte også i vinter

Artikkeltags