Kulturkveld om Jakob Sande

Toralf Baldersheim fortel og syng frå livet til Jakob Sande i Volbu grendehus 16. oktober.

Toralf Baldersheim fortel og syng frå livet til Jakob Sande i Volbu grendehus 16. oktober. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Etter nokre rolege år er Øystre Slidre mållag i godt gjenge att, og no vil me gleda folk ved å skipa til ein open kulturkveld i det nye grendehuset i Volbu, tidlegare Volbu skule, melder mållagsleiar Ingrid Rogne.

Kulturkvelden vert sundag 16. oktober, og emnet for kvelden vert «Jakob Sande; i suksess og motvind».

Det er Toralf Baldersheim, vestlending som diktaren sjølv, som skal ta tilhøyrarane med på Jakob Sande si livsreise. Frå barndommen i Dale i Sunnfjord, der presten ville gje han stryk på eksamensstilen i folkeskulen, til dei siste tunge åra i Oslo. Ei reise der me følgjer Jakob Sande gjennom biografistoff, artige anekdotar, og ikkje minst dikta hans. Alvorlege som muntre.

I dag er det vanskeleg å forstå at ein lyrikar kunne bli så populær som Sande var på 30-, 40- og 50-talet. Men ved hjelp av «Ønskekonserten» og duoen Kurt Foss og Reidar Bø greidde Jakob Sande det ingen hadde trudd: å få fisefine Bergensfruer til å syngja nynorskviser!

Så sang vert sjølvsagt ein del av kulturkvelden! Til Toralf sitt gitarakkompagnement tek me  for oss av dei sorgmuntre visene hans: kallen som ville bli kvitt katten ved hjelp av dynamitt, den stakkars skreddarsveinen som hengde seg i trilagd sneldetråd, vesle Daniel som skulle ut i verda, og fleire til.

Etter programmet spanderer me kaffi, te og kringle, før det vert ei kort orientering om Øystre Slidre mållag. Kanskje er der til og med nokre som vil bli medlemar?
Kvelden vert avslutta i god tid for dei som skal heim og sjå «Nobel» på NRK.

Artikkeltags