Kulturprisen til Gaute Lein Ausrød

Kulturprisen i Øystre Slidre går i 2018 til Gaute Lein Ausrød

Kulturprisen i Øystre Slidre går i 2018 til Gaute Lein Ausrød Foto:

Av

Det er ei glede for Øystre Slidre kommune å kunngjere at kulturprisen 2018 går til Gaute Lein Ausrød.

DEL

Beitostølen/Oslo: Ausrød har vakse opp på Beitostølen og bur no i Oslo. Han har i fleire år vore aktiv vokalist i gruppa STAUT, der han er ein tydeleg frontfigur som held publikum i ande med gode valdresdialekttekster ført i pennen av Ørnulf Dyve. Bandet har gjort stor lukke både lokalt og nasjonalt. Ausrød har i mange år arbeidd for UNG I VALDRES, ikkje minst i samband med oppsetjingane av dei årlege musikalane ved Valdres vidaregåande skule. Grunntanken til Ung i Valdres er at kvar ungdom er ein ressurs og skal ha kjensla av å meistre og lykkast. Målet å gje ungdomane tryggleik og tilhøyrsle. Dei har tilbod om å vera med i musikal, fjellturar og aktivitetar gjennom Fjelleik. Mekkekveld og bandøvingar er også populære aktivitetar. Ausrød har brukt sine eigne erfaringar både frå skuletida i Øystre Slidre og frå STAUT i arbeidet sitt for Ung i Valdres. Ausrød vidarefører no erfaringane sine frå Ung i Valdres i UngInfo – eit opent senter for ungdom midt i Oslo sentrum, der han har ei halv stilling i tillegg til arbeidet som musikar. Øystre Slidre kommune set stor pris på Gaute Lein Ausrød sine sine evner og engasjement for å formidle musikkglede, meistring og kunnskap til barn, ungdom og vaksne, og ser fram til å kunne dele ut kulturprisen til han i samband med eit kulturarrangement i Øystre Slidre i byrjinga av 2019.

Artikkeltags