Stemning i gardsbryggjeriet

Musikk og øl: Bak til venstre trubadur Roger Lindhjem, medan bryggjar Egil Bjørsland og dei faste skjenkedamene Inger Norunn Solhaug og Rønnaug Lien Poulsen tappar øl.

Musikk og øl: Bak til venstre trubadur Roger Lindhjem, medan bryggjar Egil Bjørsland og dei faste skjenkedamene Inger Norunn Solhaug og Rønnaug Lien Poulsen tappar øl. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

I eit bryggjeri blir det bryggja øl. Og skal bryggjeriet halde det gåande, må det drikkast øl. Dette, pluss det sosiale rundt øldrikkinga, er konseptet bak månadlege pubkveldar med levande musikk.

DEL

VØLBU: Difor blir det den siste laurdagen i kvar månad (så nær som i juni og juli) invitert til øldrikking, tullprat og musikklytting i Valdres Gardsbryggeri. Der har ein fast dugnadsgjeng halde dette sosiale møtepunktet gåande år ut og år inn sidan fyrst på 2000-talet.

Alltid med musikk
Skal det drikkast øl, bør det akkompagnerast med musikk. Det faste bryggjeribandet i Vølbu heiter «Dei Goe og Mette». Men laurdag var enkelte av dei opptekne på andre musikalske jaktmarker. Så dermed måtte det skaffast annan musikk.

Roger Lindhjem budde tidlegare i Valdres nokre år, og kom no på visitt med gitaren sin. I 2013 gav han ut plate med eigne tekstar under namnet «The Endroom». Og det var desse songane han delte med dei 25–30 frammøtte i bryggjeripuben denne kvelden.

Og frå ei hytte rett oppi bygda kom også Øyvind og Erik med gitarane sine. Dei fortalde at dei hadde øvd heile tre gonger før dei entra bryggjeriscenen. Alle tre karane klarte å skape stemning i lokalet.

Bjørsland dreg bryggjeriet
Knut Sigbjørn Lien eig låven der Valdres Gardsbryggeri held til, men i mange år var Tor Einar Rogne ei drivande kraft i bryggjeriet. For to år sidan gjekk han brått bort, og bryggjeriet gjekk ei usikker framtid i møte.

Då melde Egil Bjørsland, Vang, seg på bryggjeribanen. Han hadde halde på med eit IKT-prosjekt i samband med bygging av Valdres lokalmedisinske senter (VLMS) på Fagernes, og var klar for nye oppdrag.

Difor er det no han som i to år har vore bryggjerisjef i Vølbu – han i full stilling, og Knut Sigbjørn Lien i om lag 0,2 årsverk.

– Eg sleit nok litt fyrste året, men føler eg no har fått godt tak på bryggjinga, seier Egil.

Rundt 17.000 liter i året
Bjørsland fortel at han har endra litt på oppskriftene etter at han overtok styringa. Gardsbryggjeriet lagar no tre faste øl; Kvek, Brisk og Staut, og i tillegg to sesongøl: Trøll (til Trollrock), Staut Jul.

– Med dagens utstyr klarar me 17.000 liter i året. Alt blir gjort for hand her – også det å tappe på flaskene og lime tre etikettar på kvar av dei. Og me klarar ikkje laga nok, fortel Egil Bjørsland.

Medan me er inne på kontoret og pratar, stig stemninga ute i puben. Mellom andre ynskjer ein gjeng karar frå Bærum å fortelja om kor fantastisk bra stad og mykje moro dei har på puben i Vølbu, når dei eit par gonger i året er på hyttetur i bygda.

– Har har me til og med fått handla på krita, jublar ein av dei.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken