Gå til sidens hovedinnhold

Sælshagane Gråtassforening feirar 70 år med Gråtass

Artikkelen er over 5 år gammel

I år er det 70 år sidan den første Gråtassen kom til Norge.

HEGGEBØ: 1946 var det året som Eiks Maskinforretning AS i Stavanger starta opp med sal av den populære traktoren som her i landet vart kalla Gråtass. Christian Eik hadde sikra seg rettigheitene til å importere Harry Fergusons traktorar med Hydraulisk trepunktslyft, og når salet kom i gang etter 2. verdskrig, vart Gråtassen markedsleder i Norge.

TE-A, TE-F, TE -20, og TE-D, var dei modellane som vart importert frå 1946 til 1956.

Det var ved Harry Ferguson`s fabrikkar i Coventry i England desse traktorane vart produsert. Harry Ferguson var irsk og fødd i 1884. Han var ingeniør og industrimann og levde til 1960.

70-årsjubileum
Mange veteranklubbar og foreningar vil markere at det er 70 år sidan fyrste Gråtassen kom til Norge. Dette vil Sælshagane Gråtassforening òg markere den 18. september med ei parade av mange Gråtassar, der den eldste vil kjøre fyrst.

Traktorane som skal vera med, kan gjerne vera utstyrt med ein gamal reiskap. Ferguson laga mange reiskapar som var tilpassa Gråtassen. Alle som har slike reiskapar, må ta dei med til Heggebø!

Traktortreff
Treffet på Heggebø, som til neste år er 25 år, er det største arrangementet i Valdres, for gamle traktorar, bilar og reiskapar. Vi har i alle år hatt fri inngang og parkering. Foreninga er 27 år i haust og har over 50 medlemmar.

Treffet er kvart år siste sundag før elgjakta startar, så i år er det 18. september.

Sjå bildeserie frå gråtasstreffet i 2014.

Denne sundagen har det historisk vore utruleg fint vêr slik at mange, både store og små, har kosa seg på Heggebø! Mat og drikke blir å få kjøpt som før.

Foreninga ynskjer alle veterankjøretøy, eldre enn 30 år, velkomne til Heggebø!