Bispevisitas i Øystre Slidre

Rikets tilstand: Biskop Solveig Fiske visiterte Etnedal i 2017. No kjem ho til Øystre Slidre.

Rikets tilstand: Biskop Solveig Fiske visiterte Etnedal i 2017. No kjem ho til Øystre Slidre. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

– Å få biskopen på besøk er i seg sjølv fest og moro. Vi får sjansen til å møte eit klokt og reflektert menneske, og vi får høve til både å vise fram og å sjå det gode og glederike hos oss sjølv, poengterer sokneprest Eli Vatn.

DEL

Øystre Slidre: Biskopen vil møte dei som arbeider i kyrkja, alle som sit i råd, kommunepolitikarar, skule- og barnehageungar og vaksne. Ho vil og besøke institusjonar og arbeidsplassar, og alt dette får dei som følger biskopen vera med på. Kyrkjekontoret har og lagt vekt på at alle kyrkjer skal ha sine arrangement. Ein visitas er også for kvermann, og legg opp til mange arrangement som er spanande i seg sjølv, og som gje høve til gode møte med biskopen og kvarandre.

Program

Tysdag morgon startar med morgonsong i Volbu kyrkje under motto «GLEDA VED EI NY BYRJING». Tysdag kveld er eit av dei arrangementa soknepresten er mest spent på; Ei ope samtale om gledene ved å bu i det lokalsamfunnet ein bur i. Lokalsamfunna våre er i forandring. Skulane blir sentraliserte, vi reiser meir, møta kan hende meir på nettet enn på butikken.

Kyrkja sin plass i bygda er enno ikkje heilt landa etter skilje frå staten.

Under motto «GLADE FOLK I GLADE BYGDER», vil politikarane Morten Steinsrud og Mari Rabben Lundby, nye innbyggjarar Saleh Alhafni og Mohammed Ibrahim Almousa, yngre innbyggjarar Syver Blomlie Hegge og Brigitte Halldis Blomlie Hegge, og Torleiv Idstad som har budd i bygda si all si tid, innleie til samtale om det gode lokalsamfunnet.

Kyrkjekontoret lover også glederik underhaldning og god suppe ved Helselaget. Sjølv om samlinga er Volbu grendehus vonar dei dette temaet er verdt eit besøk for folk frå heile kommunen. Kvelden avsluttast med kveldsbøn i Volbu kyrkje.

Onsdag kveld har biskop, Sjarmørkoret, Ingvild Lie, Aud og Svein Hegge med blåseinstrument. Carl Philip Weisser har med gitaren, Magne Olav Selland med orgel sat kvarandre stemne med musikk av mange sjangrar til allsong kveld i Rogne kyrkje: «SYNG GLEDE I VÅRT LIV».

Torsdag kan ein høyre biskopen tale på Den gylne time med i Lyskapellet, og her vil Inga Thon, Margit og Ingeborg Onstad gje langeleiktonar til «STILLE GLEDE». Det blir og kyrkjeklokkekveld i Hegge kyrkje. Her vil klukkelottar på Langeleik ved Gunvor Hegge møte klukkesalmar, kyrkjetenar Jon Gunnar Solhaug vil fortelje korleis det faktisk vart og vert ringd ved dei forskjellige høve, ein vil oppleve vare stemningar og høve til å synge med. Og kva er det klokkene gjer? Jo «BRINGER GLEDERIKT BUD».

Sundag avsluttar vi det heile med visitasgudsteneste i Lidar kyrkje samt vigsling av kyrkjegarden. Alle er hjarteleg velkomne! Der blir det «REIN GLEDE». Øystre Slidre songlag er med, så denne sundagen vil songen stige til himmels! Likeins er alle velkomne til lunsj og å høyre biskopens foredrag om kva ho har sett og høyrt her i Øystre Slidre, om korleis ho synest kyrkja ser ut, og kanskje ei og anna utfordring ho vil gje oss; då går vi «MOT NYE HØGDER».

Artikkeltags