Stengt over Valdresflye

Stengt: Valdresflyvegen er måndag stengt grunna uvêr. Ny vurdering blir gjort etter kvart.

Stengt: Valdresflyvegen er måndag stengt grunna uvêr. Ny vurdering blir gjort etter kvart. Foto:

Fylkesveg 51 over Valdresflye er måndag stengt ut dagen på grunn av uvêr.

DEL

Øystre Slidre: Statens vegvesen melder på heimesida si at vegen er stengt grunna vanskelege kjøretilhøve.

Stiv kuling på Flye

Vegen er stengt mellom bommen på Garli nord for Beitostølen og bommen ved Maurvangen, nær Gjendesheim.

Yr.no melder stiv kuling frå nord heile måndag, aukande til sterk kuling (19 meter i sekundet) rundt klokka 15.

Stengt også søndag

Vegen var også stengt søndag, men brøytebilane jobba for å halde vegbanen nokonlunde fri for snø.

Klokka 14 søndag prata vi så vidt med brøytesjåfør Odd Arne Rødningen ved bommen på Garli. Han fortalte at vêret på Flye var veldig skiftande, men at vinden var i ferd med å dreie frå nord til meir vestleg, noko som gjorde vegbanen endå meir utsett for å blir fylt opp med snø.

Artikkeltags