Aukande skredfare

Flakskred: Eit stort skred som gjekk ved Grønekinnkampen nær Beitostølen for nokre år sidan, heldigvis utan at folk var involvert.

Flakskred: Eit stort skred som gjekk ved Grønekinnkampen nær Beitostølen for nokre år sidan, heldigvis utan at folk var involvert. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Søndag varsla nettstaden varsom.no betydeleg rasfare (grad 3) for Jotunheimen.

DEL

Valdres: Mykje snø, vind og stigande temperaturar på dagtid har ført til auka fare for snøskred. Men dette endrar seg med vêrtilhøva, fylg med på varsom.no.

- Unngå skråningar

Stig Aastveit, leiar i Øystre Slidre Røde Kors hjelpekorps, var natt til laurdag ute på redningsoppdrag etter to personar på Valdresflye. Det gjekk bra, men Aastveit merka seg snøtilhøva og nyttar høvet til å åtvare folk mot skredfaren.

- Hald god avstand til skråningar brattare enn 30 grader, seier Aastveit, som legg til at skred også kan løysast utan menneskeleg påverknad.

Mange skred

Leif Øyvind Solemsli, som er skredobservatør i Filefjellområdet for varsom.no, uttalte nyleg det same til bladet Fri Flyt.

- Det har gått mange skred her siste veka, både løyst ut av skiløparar og utan involvering av folk, seier Solemsli. Også han peikar på at tilhøva endrar seg snøgt med skiftande vêr, og ber folk vere forsiktige.

Artikkeltags