Snøskredfare i fjellet

Rasfare: Det er betydeleg fare for snøskred i Jotunheimen og fjellområda rundt.

Rasfare: Det er betydeleg fare for snøskred i Jotunheimen og fjellområda rundt. Foto:

Nettstaden varsom.no varslar om betydelig fare for snøskred i Jotunheimen og fjellområda rundt.

DEL

Valdres: Snøskredvarsla på varsom.no er fordelt på 21 delområde, der Valdres og det meste av fjellområda våre høyrer inn under delområdet Jotunheimen. Vestre del av Valdres grensar mot delområde Hallingdal.

Faregrad 3

For torsdag og fredag er det varsla betydeleg skredfare (grad 3) for Jotunheimen. På Vestlandet og delar av Nord-Norge er det varsla stor skredfare (grad 4).

"Vær svært forsiktig der det ligger fersk fokksnø i høyder. Ferske fokksnøflak trenger tid for å stabilisere seg", står det mellom anna.

Samarbeid

Varsom.no, som er eit særs nyttig hjelpemiddel, baserer seg på innsendte rapportar frå ei lang rekkje medareidarar.

Nettstaden er eit samarbeid mellom Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE), Meteorologisk institutt, Statens vegvesen og Jernbaneverket.

Artikkeltags