Øystre Slidre: Dette skriv ordføraren:

Då vi gjekk inn i dette året og det nye tiåret, hadde sannsynlegvis ingen av oss tenkt på at vi skulle oppleva eit virus som skulle bestemme mykje av kvardagen vår, og seta store restriksjonar for påskefeiringa 2020.

Etter at våre nasjonale myndigheiter gjekk ut 12. mars, med anbefalingar og råd om korleis vi skulle halde avstand, vaske oss og etter kvart unngå samlingar med fleire enn fem til stades, så har kvardagen for dei aller fleste av oss bydd på store endringar.

Fleire er permitterte og veit ikkje når dei kan starte opp att på arbeidsplassen sin. Andre har fått store endringar i arbeidskvardagen, der fokuset er smitteforebygging og nye rutinar på svært mange område. Eg er svært takksam for all den ekstra innsatsen kommunalt tilsette og alle andre gjer i denne krevjande tida. Samhaldet, og at vi bryr oss om kvarandre, er viktigare enn nokon gong.

I ei høgtid der det å besøke kvarandre og at familien gjerne samlast for hygge, avslapping og moro, er det sikkert mange som no kjenner på einsemd og utanforskap.

Til vanleg er det mykje fokus på all tida vi brukar framfor ein skjerm, men akkurat no kan vi glede oss over at mobilen, nettbrettet og PC-en har vorte allemannseige. Det at vi kan prate med og halde kontakten med familie, vener og andre, kan vi alle kjenne på at er ekstra verdifullt i desse dagar.

Det er mange som skulde vore i Øystre Slidre no. Anten på hytta, leilegheita, stølen eller heime hjå sine nære og kjære. De må vita at vi skulde så gjerne ha hatt dykk her i lag med oss desse påskedagane. Dei nasjonale reglane som no er innførde tillèt ikkje ei vanleg påskefeiring, med liv og røre i skiløypene og elles i fjellheimen. Då må vi berre vente og glede oss til dei dagane vi veit kjem etter denne krisa.

Eg vil oppmode alle til å halde seg orientert om situasjonen. På kommunen si heimeside vil du finne oppdatert informasjon.

Ta vare på kvarandre og støtt lokale bedrifter, og andre som treng di støtte no.

Eg ynskjer dykk alle ei retteleg god påske!

Odd Erik Holden

Ordførar