Heime hjå oss pleier me å seie at passeleg er passeleg. Det er ikkje om å gjere å ha verken størst, best eller mest, men finne ein slags lukkeleg middelveg der me har det bra og er tilfreds.

Kvar er denne lukkelege middelvegen i fjellheimen? Kor mange hytter skal me tillate å bygge? Kor store areal skal me endre? Når har me endra så mykje at det ikkje lenger er triveleg?

Er det ei grense for kor mange og store bygg det kan vere før turistane ikkje lenger ynskjer å komme? Kan me halde fram å vekse, og håpe at rekreasjon og fest, skiheisar og kulturlandskap, leikande småborn og fulle vaksne vil finne ein sameksistens? Eller er det på tide å stoppe opp og spørje oss sjølve kva me eigentleg vil? Legge ein plan til beste for både eksisterande hyttefolk, fastbuande, næringsliv og ikkje minst naturen.

Til no har hovudargumentet for utbygging vore at bygginga i seg sjølv sysselset mange lokale entreprenørar og handverkarar. Men me kan ikkje halde på slik i det uendelege, å bygge meir og meir. Då vil me til slutt eksplodere, eller rettare kollapse. Dei som kom for å søkje urørt natur, går i kø på opparbeida stiar. Dei som kom for den vakre utsikta, ser ikkje lengre enn til næraste vegg. Kvar skal dei finne den fredelege idyllen? Viss me ikkje stoppar opp og legg ein god plan, er eg redd me i staden for å vere ein plass for alle, blir ein plass ingen vil vere.

Me må finne ut kva som er passeleg, når me har det bra og er tilfreds. Me må ta vare på dei kvalitetane me har, med flott natur, levande kulturlandskap og eit trygt og inkluderande miljø. Det er ikkje sikkert det er mogleg å halde fram å bygge ut og samtidig bevare desse kvalitetane. Passeleg er passeleg, og kanskje er passeleg nett no.