Påvist E. coli: Drikkevatnet i Vang sentrum må kokast

På grunn av forureining har det gått ut varsel med anbefaling om koking av drikkevatn frå Vang vassverk. Det melder Vang kommune på nettsidene sine.

DEL

VANG: Det settast i verk ekstra prøvetaking, kloring og tiltak for å lokalisere og fjerne kjelda til forureininga av drikkevatnet. I nokre dagar framover vil vatnet kunne lukte og smake klor, opplyser kommunen.

Kokeanbefalinga gjeld abonnentar som får drikkevatn frå Vang vassverk og som bor mellom Søndrolsvingen og Vang Autoservice.

Må kokast

– Det vil ta nokre dagar før vatnet kan «friskmeldast», skriv Vang kommune, og held fram:

I den tida må vatn til drikke kokast. Når vatn blir kokt drepast bakteriar som elles kan framkalle sjukdom. Eit alternativ til kokt vann kan vere flaskevatn. Bruk av kaffitraktar og vasskokar skal vere trygt.

  • Det er trygt å dusje, så lenge du inngår å svelge vatn og med mindre du har dårleg immunforsvar
  • Karbad anbefalast ikkje
  • Handvask med såpe er trygt

Ukokt vatn kan brukast til:

  • Mat som blir kokt
  • Manuell oppvask
  • Bruk av oppvaskmaskin
  • Husvask og klesvask

Kommunen råder dei som er råka til å sjekke ut nettsidene til Folkehelseinstituttet, som har gode råde til privathushaldningar når vatnet må kokast.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken