Gå til sidens hovedinnhold

Pengar, PR og politikk

Vang kommune har betalt 125 000 kroner for å få råd. No er dårlege råd dyre.

Kommentar Dette er en kommentar, skrevet av en redaksjonell medarbeider. Kommentaren gir uttrykk for skribentens holdninger.

Fyrst Otto von Bismarck skal ha sagt at «den som veit korleis lover og pølser blir laga, får aldri meir ei roleg natts søvn.» For dei som fekk med seg VG si store avsløring «Svingdøren» sundag, er det lett å uroe seg for demokratiet, om ein ikkje ligg svevnlaus på natta.

Avisa har kartlagt 148 personar som anten er politikarar med bakgrunn frå PR, PR-rådgjevarar som har bakgrunn frå politikken, eller som sidan hausten 2009 har gått mellom politikk og PR-bransjen og no jobbar ein annan stad.

Les også

Kommunen hyra inn PR-byrå for å få E16-hjelp – PR-toppene lanserte egen kone og søster til jobben

PR-bransjen har også gjort sitt inntog i lokalpolitikken i Valdres. VG har avslørt at Vang kommune i 2019 betalte 125.000 kroner til PR-byrået Kruse Larsen for å få hjelp til politisk påverknad. Saka det gjaldt var behovet for tunnel i Kvamskleiva og rassikring på E16 i Vang kommune. Ei løysing for Kvamskleiva hadde det vorte jobba med i mange år, i mange parti, og frå mange hald.

Éi sak er at kommunen vel å bruke pengar på råd frå eit PR-byrå. I seg sjølv er det problematisk. Men dei som jobba med saka i Kruse Larsen er son og svigerson til Dag Inge Bruflot, høvesvis Christoper Amundsen Wand og Dag Fredrik Bruflot. Dag Inge Bruflot jobbar som næringsutviklar i bygdeutviklingsselskapet Innovangsjon, som er finansiert av Vang kommune. Wand og son Bruflot la mellom anna fram ei liste over fire personar som dei meinte kunne vera ambassadørar for Kvamskleiva – ei av dei fire var Sandra Bruflot. Ho er gift med Wand, dotter av Dag Inge Bruflot og syster til Dag Fredrik Bruflot.

Om det ikkje er ulovleg, så framstår saka som eit samansurium av ulike interesser. Professor Kjell Arne Røvik ved Universitetet i Tromsø meiner det er eit døme på korleis PR-rågjevarane brukar nettverka sine. «Det er ikke ulovlig, men går på bekostning av legitimiteten til politikerne», seier han til VG.

Kruse Larsen vart dessutan etablert i 2015 av tidlegare statssekretær for Arbeidarpartiet, Jan-Erik Larsen. I tillegg til Larsen er det også fleire tidlegare, prominente Ap-politikarar i stallen til PR-byrået, mellom anna eksstatsrådane Bjarne Håkon Hanssen og Lisbet Berg Hansen.

At Vang kommune ikkje ser dei problematiske sidene ved 1) å bruke kommunen sine pengar på eit PR-byrå og 2) banda mellom PR-byrået, tilrådingane frå PR-byrået og næringsutviklaren, er overraskande og pussig. Ordførar Vidar Eltun, som representerer Arbeidarpartiet, kommenterte til avisa sundag kveld at «Vang kommune er ferdige med denne saken». Om det er eit forsøk på å leggje ballen død i innspurten av valet, skal eg ikkje tilleggje Eltun. Men det er ikkje noko no som tyder på at Vang kommune bør kjenne seg ferdige med saka.

I tillegg til den lokale dimensjonen avslører VG-saka noko grunnleggjande alvorleg som skakar den demokratiske grunnmuren. At det har vorte vanleg for også kommunar å hyre inn PR-byrå for å få råd og hjelp til ei politisk sak, fortel kor vanskeleg tilgjengeleg sentrale politikarar og byråkratiet i regjering og Storting har vorte. Når fleire sentrale politikarar og politiske rådgjevarar går til den same bransjen som tener pengar på at kommunane kjøper inn tenester for å nå fram politisk, luktar det meir enn svidd. Det er til å grøsse av at det er lov.

Kommentarer til denne saken