Den 15. pilegrimsvandringa gjennom Valdres startar fredag

Ingun Myhrvold på pilegrimsvandringa 2018.

Ingun Myhrvold på pilegrimsvandringa 2018. Foto:

Den 15. pilegrimsvandringa gjennom Valdres går av stabelen 28. juni - 6. juli.

DEL

Valdres: Det er i år totalt 26 deltakarar, yngre og eldre, erfarne og ferske pilegrimar som startar frå Hedalen laurdag morgon.

Vandringsleiar Jahn Børe Jahnsen assisterast av nye krefter; Anne Marit Noraker og Anne Kjersti Frøyen. Både Anne Hilde Øigarden og Eli Vatn er med som pilegrimsprestar.

Dei vil vere synlege der dei vandrar nordover (vestover) dalen, så vink gjerne til gjengen, men hugs: dei vandrar heilt stille, utan å prate anna enn i pausane.

Slik ser ruta ut:

Laurdag: Hedalen – Timannsfoss i Hølera.

Sundag: Timansfoss-Reinli

Måndag: Reinli-Leira

Tysdag: Leira -Røn

Onsdag: Røn – Slidre

Torsdag: Slidre – Heensåsen

Fredag: Heensåsen – Øye

Laurdag: Øye – St. Tomaskyrkja på Filefjell

Les om vandringa frå i fjor:

Artikkeltags