Leiar Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for avisa si haldning.
Den politiske hestehandelen som førde til avvikling av pelsdyrnæringa, har sidan den gong utvikla seg til ein gresk tragedie. Pelsdyrgardar er lagt ned og verdiar forsvunne. Attende sit bønder med gjeld og utan kapital til å omstille seg til anna drift.
Den sterkaste kritikaren av vedtaket om å avvikle pelsdyrnæringa, var Senterpartiet og Arbeidarpartiet. Begge partia stemte mot avvikling av pelsdyrnæringa i Stortinget. Då skulle ein tru at partia også ville ta grep, og få fortgang i taksering og utbetaling av erstatning.
I staden har saka stoppa opp, etter at Landbrukdirektoratet sa opp Norsk Landbrukstakst, som hadde fått anbodet på taksering av pelsdyrfarmane. Etter to anbodrunder, og det som burde vore eit grundig arbeid frå Landbruksdepartementet og Landbruksdirektoratet, synte det seg at årsakene var påstått inhabilitet ved Norsk Landbrukstakst, og at Landbruksdirektoratet ikkje har vore samde i måten takseringa er gjort på.
– Da staten lovte oss erstatning, trodde jeg på det. Men det viste seg å bli bare tull og rot.
Ein av dei som framleis ventar på oppgjeret, er Odd Harald Nordsveen frå Vang. Han er også tidlegare mangeårig leiar i Norges Pelsdyralslag. Han la ned drifta i mars 2020. Den tidlegare pelsdyrbonden har heller ikkje enno fått taksering av garden. "Da staten lovte oss erstatning, trodde jeg på det. Men det viste seg å bli bare tull og rot", seier Nordsveen.
Mange pelsdyrbønder investerte i drift og bygningar på grunn av fornya krav etter ein større diskusjon om pelsdyrnæringa i 2017. Då Solberg-regjeringa, med fleirtal i Stortinget, året etter avgjorde at næringa skulle leggjast ned for at Venstre skulle bli med i regjering, var investeringingane som å kaste pengesetlane ut i nordavinden. I åra etter har likevel pelsdyrbøndene måtte betale renter og avdrag på lån, for avvikling, riving og opprydding.
No er det Senterpartiet som sit i regjering, som rår grunnen i Landbruksdepartementet. Statsråden sjølv, ein høglytt kritikar av pelsdyrforbodet, vik unna ansvar og spørsmål frå næringa.
I 2019 anslo den dåverande regjeringa pelsdyrkompensasjonen til 505 millionar. Til no er 420 millionar utbetalt, men eit anslag frå Landbruksdirektoratet i oktober i fjor, tilseier at det skal utbetalast totalt 2,6 milliardar. Ifylgje Nationen skal det vera "dialog" mellom Landbruksdirektoratet og Norsk Landbrukstakst. Det er så langt det som er kjent omkring den pinlege saka.
Pelsdyrbøndene har vorte kasteballar i eit politisk spel. Det er uverdig.