Gå til sidens hovedinnhold

Politiet kjem for seint

Kor lang responstid skal politiet ha? Det spørsmålet blir stilt i Gudbrandsdalen etter at politiet nyleg brukte 1 time og 39 minutt på å rykke ut til ein brann. Patruljen som hadde vakt var på Dombås, måtte køyre 110–120 kilometer for å koma seg til Skjåk.

Leder Dette er en leder. Lederen gir uttrykk for avisens holdning.

Det er store avstandar i Innlandet. Det gjer det vanskeleg for politi og ambulanse å oppfylle kravet om responstid. Brannvesenet er oftare og oftare fyrst på staden, og lova slår fast at det er innsatsleiaren for brannvesenet som er ansvarleg på staden fram til politiet kjem.

I politiet si oversikt over responstid for Innlandet 2. tertial 2020, når politietaten kravet om utrykkingstid. Men det er grunn til å sjå nærmare på kravet politiet oppgjev. For Innlandet er målet at responstida for politiet skal vera 34 minutt for 80 prosent av hasteutrykkingane i kommunar med under 2.000 innbyggjarar, altså dei mest «grisgrendte» kommunane.

I perioden frå mai til og med august, vart resultatet 33 minutt. Set ein berre kravet lågt nok, er det enklare å nå målet.

Brannsjef Atle Festervoll i Lom og Skjåk seier til GD at det er vanleg at politiet kjem seint, og at brannvesenet må ta meir og meir ansvar. Til avisa GD skildrar han det som «belastande», og seier at «Vi opplever litt for ofte at dei (politiet, red.anm.) kjem seint eller ikkje kjem i det heile tatt».

Vi har førebels ikkje det heile og fulle oversynet over konsekvensane av politireforma. For Valdres sin del vart lensmannskontoret i Vang delvis oppretthalde i tillegg til at det meste vart samla på Fagernes, men også her i regionen har det vore hendingar der politiet anten ikkje har rykka ut, eller kome seint.

Fordelinga mellom politi, ambulansetenesta og brann- og redningsetaten, er også eit prinsippspørsmål. Om det er slik at staten skal spara inn på arbeidsoppgåver og økonomi, men samstundes leggje meir ansvar på dei kommunale tenestene, får det økonomiske konsekvensar for kommunane.

Vi treng ein skikkeleg gjennomgang og analyse av konsekvensane av politireforma. Kva oppgåver det kommunale brannvesenet må handtere i fråvær av politiet, kva det krev av kompetanse, og ikkje minst kostnadsfordelinga trengst det oversyn over, heilt ned på distriktsnivå.

Det kan ikkje vera tilfeldig frå utrykking til utrykking kor lang tid det tek før politiet er på plass. Vi treng meir kunnskap om konsekvensane av reformene som blir innført, ikkje at dei blir ein kasteball mellom ulike politiske parti.

Kommentarer til denne saken