Hakekors-tagging på Fagernes

Hakekors: Måndag morgon vart dette haekorset oppdaga på ein av stabbesteinane utanfor rådhuset på Fagernes. Politiet etterforskar saka.

Hakekors: Måndag morgon vart dette haekorset oppdaga på ein av stabbesteinane utanfor rådhuset på Fagernes. Politiet etterforskar saka. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Måndag morgon vart det oppdaga at nokon har måla eit hakekors på ein av steinane utanfor Nord-Aurdal rådhus.

DEL

Fagernes: - Dette synest me er utriveleg og ikkje greitt, seier ordførar Inger Torun Klosbøle, som måndag ettermiddag fortel at ho har meldt tagginga til politiet.

Klosbøle seier at ho for eit par år sidan fekk skriftleg materiell av same karakter inn i posten på rådhuset., men elles seier ho at kommunen ikkje har vore utsett for denne typen tagging tidlegare.

- Tagging i seg sjølv er lovstridig, og det blir endå verre når det er slik symbolikk, seier Klosbøle vidare.

Ho seier vidare at det ikkje er kome nokon slags annan bodskap ved dette tilfellet, slik at det ikkje er gjeve nokon form for forklaring på kva samanheng eller kontekst hakekorset no er måla.

Lensmann Kristoffer Tessem, som har kontor på andre sida av Jernbanevegen, seier dei skal etterforske hakekors-målinga, og at det vil bli undersøkt om det finst videoopptak som kan ha fanga opp nattleg aktivitet i området. Det hadde han i 14.30-tada måndag ikkje fått sjekka opp enno.

Inger Torun Klosbøle fortalte på si side at hakekorset måndag ettermiddag var i ferd med å bli overmåla av kommunens tilsette.


Artikkeltags