Nådde ikkje til topps

Ser mot Innlandet: Olaf Diserud tapte kampen om fylkesleiarvervet i Frp denne helga. No ser han mot valet til Innlandet i 2020.

Ser mot Innlandet: Olaf Diserud tapte kampen om fylkesleiarvervet i Frp denne helga. No ser han mot valet til Innlandet i 2020.

Artikkelen er over 2 år gammel

Geir Fauchald frå Østre Toten er valt til ny fylkesleiar i Oppland Framstegsparti. Olaf Diserud frå Nord-Aurdal tapte kampvoteringa.

DEL

Oppland Frp har fylkesårsmøte i helga på Gjøvik.

Etter kampvotering vann Fachald over Diserud, med 21 mot 16 stemmer.

– Slett ikkje skuffa

Diserud har tydeleg presisert til avisa Valdres at han ønskjer seg fylkesleiarvervet, og gjerne vil ha førsteplassen på den nye fylkestingslista.

Men han tek ikkje utfallet av dagens votering som noko nederlag.

– Eg er slett ikkje skuffa. Det har ikkje vore motkandidat til leiarvervet på tjue år. Når eg da fekk 16 stemmer, synest eg det er veldig bra. Eg er godt nøgd. Eg er framleis gruppeleiar på fylket, og skal framleis drive med politikk, seier han.

Går for listetoppen

Det nye fylkesstyret som no er valt, blir sitjande fram til 26. mai. Da det blir samanslåing av fylkeslaga i Oppland og Hedmark Frp, og det skal veljast felles styre for begge fylka.

Diserud avviser at han kjem til å ta omkamp om leiarvervet der.

– Det eg no vil fokusere på, er å bli listetopp inn i det nye Innlandet fylke, forklarar han.

Regionen Innladet blir ein realitet frå 1. januar 2020 med val same år.

Tre valdrisar i styret

Diserud er ikkje lenger styremedlem i fylkespartiet, men vil delta på møta som gruppeleiar i fylkestinget.

Gunnar Heiene frå Sør-Aurdal er attvalt som styremedlem, og fekk flest stemmer av alle styremedlemmane. Jeanett Aspholt-Weisser frå Nord-Aurdal sit i styret som studieleiar og Line Sandli frå Sør-Aurdal er valt til styremedlem.

Nytt styre

Det nye fylkesstyret i Oppland Frp slik ut:

Leiar: Geir Fauchald

Politisk nestleiar: Lars Rem

Organisatorisk nestleiar: Norodd Jemtland Moen

Medlemsansvarleg: Robert Schulz Nilsen

Studieleiar: Jeanett Aspholt-Weisser

Styremedlemmar:

Gunnar Heiene

Astrid Gaasand

Line Sandli

Svein Erik Sørensen

Tormod Dalsheim

Wenche Kristin Haug Almestrand




Artikkeltags

Kommentarer til denne saken