Bergljot frå Vang er ny leiar i Oppland Senterungdom

Det nyvalde fylkesstyret i Oppland senterungdom. Frå venstre: Tor Espen Ovesen (Frå Lom, styremedlem), Annine Storbråten Stadsvold (Frå Nordre Land, styremedlem), Maren Raknerud (Frå Hadeland, politisk nestleder), Bergljot Oldre (Frå Vang i Valdres, leder), Halvor Killi Grønhaug (Frå Hedalen, styremedlem) og Marit Andrisdotter Kvam (Frå Vang i Valdres, organisatorisk nestleder)

Det nyvalde fylkesstyret i Oppland senterungdom. Frå venstre: Tor Espen Ovesen (Frå Lom, styremedlem), Annine Storbråten Stadsvold (Frå Nordre Land, styremedlem), Maren Raknerud (Frå Hadeland, politisk nestleder), Bergljot Oldre (Frå Vang i Valdres, leder), Halvor Killi Grønhaug (Frå Hedalen, styremedlem) og Marit Andrisdotter Kvam (Frå Vang i Valdres, organisatorisk nestleder) Foto:

Av

Bergljot Oldre frå Vang er nyvald leiar for senterungdommen i Oppland.

DEL

OPPLAND: Ho går inn i det fjerde arbeidsåret sitt i fylkesstyret. Senterungdomar frå heile fylket møttest på Skeikampen 7.-9.september der årsmøtet vart arrangert.

Helga har vore både årsmøtesaker og ideologisk diskusjon. Nokre tema har vore aktiv dødshjelp, genmodifisert mat, kjønnskvotering og forbod mot heildekkande plagg.

Det nye styret består av seks lovande unge med erfaring frå ulike politiske plattformer. Vi har ei fin geografisk spreiing, samt fordeling mellom gutar og jenter.

Resten av styret ser slik ut: Maren Raknerud frå Hadeland vart vald som politisk nestleiar medan Marit A. Kvam frå Vang som organisatorisk nestleiar. Tor Espen Ovesen frå Lom, Halvor Killi Grønhaug frå Hedalen og Annine Storbråten Stadsvold vart valde som styremedlem.

Artikkeltags