Snakk om ansvarsfråskriving frå Frp!

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Stortingsrepresentant Ørsal Johansen frå Frp kjem med ei breiside om barnevern i avisa Valdres, og lover at berre han kjem på Stortinget på nytt så skal han nok ta tak.

DEL

Dette kjem frå ein stortingsrepresentant frå eit parti som sit i regjering, og som endåtil har Barne- og likestillingsministeren. Ein representant som har hatt rikeleg moglegheit til å følge opp korleis stat og kommune fylgjer opp dei lovene Stortinget vedtar. For det er altså Stortinget, der Ørsal Johansen enn så lenge høyrer til fleirtalet, som vedtar lover, inkludert lov om barnevernstenester, og det er regjeringa som har i ansvar å følge opp Stortinget sine vedtak.

Det er ikkje første gong me ser Frp leggje skulda på andre. Det er nok å vise til justisministeren som skulda Ap for manglande beredskap.

Men denne gongen er det dei tilsette i barnevernet og i fylkesnemnda som vert skulda for manglande fagleg vurdering og tilfeldig praksis. Stortingsrepresentanten harselerer med saksbehandlinga i Fylkesnemnda og skriv at det ikkje krevst bevis grunngjeving eller konkrete svar. Han skriv at dei tilsette i barnevernet ikkje forheld seg til dei lover og reglar som gjeld, men berre har eit mål, nemleg flest mogleg omsorgsovertakingar.

Dette er langt frå den kvardagen vi kjenner til!

Det me kjenner til er engasjerte barnevernsarbeidarar som jobbar med å finne gode løysingar for barn og foreldre som strevar. Det er ei vanskeleg oppgåve, sjeldan enkle løysingar, ofte kryssande interesser, men også mange eksempel på godt samarbeid og fornøgde barn og foreldre.

Aktuell debatt

Stortingsrepresentanten harselerer med saksbehandlinga i Fylkesnemnda.

Randi Lill Pedersen og Berit S. Øygard

Barnevernet er eit fagfelt i utvikling, med eit samfunnsoppdrag med kryssande interesser. Dei som arbeider i barnevernet er ikkje ufeilbarlege, og kan alltid bli betre, og til det treng ein blant anna politikarar som er engasjerte, og som står inne for konsekvensen av dei lovene dei har vedtatt.

Det gjer ikkje Frp og Ørsal Johansen.

Artikkeltags