Traktor-sabotasje i Ulnes

Kappa leidning: Ulrik Rognås syner ein av dei elektriske leidningane til hydraulikken som er kappa, og som dermed har sett denne delen av utstyret ut av spel.

Kappa leidning: Ulrik Rognås syner ein av dei elektriske leidningane til hydraulikken som er kappa, og som dermed har sett denne delen av utstyret ut av spel.

Artikkelen er over 1 år gammel

Onsdag kveld oppdaga brøyteentreprenør Ulrik Rognås i Ulnes at det var gjort sabotasje mot minst fire av traktorane hans. Han seier det er gjort bevisst.

DEL

ULNES: – Eg har brøytinga på Fagernes og Vaset, og hadde åtte traktorar ståande klare i påvente av snøfall. Men onsdag kveld oppdaga eg at det var tukla med fleire av traktorane, som har stått lagra i Høllavegen i Hippesbygde. Det var klypt både diesel- og elektriske leidningar og helt vatn på hydraulikk-anlegget.

Bevisste handlingar

Ulrik Rongås seier han ikkje er i tvil om at dette er bevisst sabotasje mot han som gardbrukar og brøyteentreprenør.

Alle må kontrollerast

Måndag var han og leverte to av traktorane til reprasjon på Fagernes. Tre står til ettersyn i Røn. Alle traktorane må nemleg kontrollerast, fordi det er umuleg å sjå kven det er hatt vatn i hydraulikk-anlegget på.

Rognås seier ein av sjåførane hans ikkje klarte å få hydraulikk-anlegget til å fungere då han var ute og kjørte med ein av traktorane før helga. Årsaka var altså at det var fylt vatn i hydraulikken, der det som kjent berre skal vera olje. I samråd med forsikringsselskapet vel dei difor no å kontrollere alle traktorane som var lagra på området.

Blir meldt til politiet

Måndag vart også skadeverket meldt til politiet. Ulrik Rognås seier at han ber folk om å koma med tips, dersom nokon har sett mistenkjeleg aktivitet på lagerområdet hans i Hippesbygde.

Rognås veit ikkje akkurat når sabotasjen har skjedd – det kan vera fleire dagar tidlegare, men det vart altså oppdaga onsdag kveld.

– Kritisk rett før snøfall

Ulrik Rognås seier sabotasjen kunne ført til skikkelege problem for han og resten av mannskapet, dersom skaden hadde skjedd rett før eit større snøfall. Då ville det kunne ført til store problem og foreseinka brøyting.

Fortvila: Fire av brøytesjåførane til Ulrik Rognås er fortvila over at det blir gjort sabotasje mot traktorane.Frå venstre Fredrik Rognås, Gunnar Liborg, Eirik Sundheim Magnussen og Knut Ole Ranheim.

Fortvila: Fire av brøytesjåførane til Ulrik Rognås er fortvila over at det blir gjort sabotasje mot traktorane.Frå venstre Fredrik Rognås, Gunnar Liborg, Eirik Sundheim Magnussen og Knut Ole Ranheim. Foto:

Artikkeltags