Positivprisen i Vang gjekk til Grindaheim Røde Kors Hjelpekorps: – Utan deira innsats hadde ikkje Vang kommune hatt så god beredskap, sa ordføraren

Ordførar Vidar Eltun starta tala si med å takke innbyggjarane i Vang kommune for den innsatsen alle har gjort, slik at dei ikkje har fått koronasmitte til kommunen. Så gjekk han til hovudpoenget, å dele ut Positivprisen i Vang kommune. Den gjekk til Grindaheim Røde Kors Hjelpekorps i år.