Leiar Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for avisa si haldning.
Fyrst kom nyheita om at EU-parlamentet ynskjer å innføre krav om energieffektivisering av bustader. Så kom meldinga om nye krav til reinsing av vatn og kloakk. Rekninga blir sendt til huseigarar og forbrukarar.

Kommunale gebyr kan øke kraftig – mener hver enkelt må ta ekstraregningen
Kva som førebels ligg i krava frå EU om energieffektivisering er derimot uklart. Vedtaket frå EU-parlamentet skal vera eit utgangpsunkt for forhandlingar dei neste månadane om kva krav som skal stillast til energieffektivisering av bustadar, og skal etter planen vedtakast før sumaren. Det er difor ikkje sikkert bustadeigarar må oppgradere husa sine for store summar, slik Huseierne har uttala til Finansavisen. Organisasjonen anslår at 65 prosent av huseigarane i Noreg må betale mellom 1 og 1,5 millionar i oppgradering av husa sine. Fortidsminneforeningen meiner Noreg må krevje unntak for bustader frå før 1960.
Statssekretær Elisabeth Sæther frå Olje- og energidepartementet seier derimot til Nettavisen at kravet for ein del bustadeigarar til slutt kan ende med installasjon av varmepumpe.

Byggestopp forsinker hytteprosjekter: – Stort engasjement
Kvar EU til slutt landar, og kva unntak Noreg kan få, er difor førebels usikkert. Utskifting av vindauge, betre isolering og alternative varmekjelder er noko av det som kan bli konsekvensen for andre.
EU jobbar i tillegg med det såkalla avløpsdirektivet, som truleg blir vedteke neste år. Her blir det lagt opp til strengare krav til reinsing av kloakk og vatn. I dag skal utgifter til drift og investeringar i vatn og avløp vera finansiert etter sjølvkostprinsippet. Det tyder at det er brukarane av vatn og avløp som betalar for drift og vedlikehald, og investeringar i nye anlegg.
Norsk vann og KS åtvarar mot å gje forbrukarane totalrekninga for ei oppgradering. Norsk Vann har rekna ut at årleg dei årlege avgiftene kan auke til ein stad mellom 20 000 og 40 000 kroner, og meiner det er uhaldbart at forbrukarane skal ta heile rekninga.
Kraftig motstand har ført til flere alternativer – nå ligger fem muligheter på bordet
Klima- og miljøminister Espen Barth Eide hang bjella på katta i Stortinget denne veka. Så lenge du går på do, er du ein forureinar: «Jeg og alle andre som av og til går på toalettet, er bruker av en tjeneste, og er sånn sett å regne som en forurenser i denne sammenhengen. Og forurenser skal betale etter norsk lov», sa Barth Eide.
I år har dei kommunale avgiftene auka monaleg i fleire kommunar, også i Valdres. Det er også store utfordringar ved reinseanlegg i fleire kommunar, og desse kan altså bli endå større på sikt, om krava frå EU blir høgare.
Harald og Eivind styrer millionprosjekt – skal grave 3500 meter med grøft: – Det har førebels vore noko krevjande
