Brente opp gamle snøskjermar langs fylkesveg 53 ved Tyin

Det går føre seg ei opprydding av 250 meter med gamle snøskjermar langs fylkesveg 53 ved Tyin, men bilete som avisa Valdres har fått oversendt, viser at dei blir brent på bål. – Då eg fekk vite om det, bad eg dei stoppe med dette og køyre det til deponi, seier avdelingsleiar Gunnar Bjørgo i Presis Vegdrift.