Privat lesestund på Skype

Foto:

Vi har tre barnebarn i Larvik. Dei kan vi ikkje besøke no, og dei kan heller ikkje kome på besøk til oss. Via nettet kan vi likevel ha kontakt med dei og andre.

DEL

Dei siste dagane har eg skrive mykje om kva vi ikkje kan, ikkje bør eller ikkje skal gjere. Men både lokal- og storsamfunnet skal fungere i vekene som kjem - mykje kan, bør og skal vi finne alternative løysingar på.

I dag hadde Kirsten og eg lesestund med to av barnebarna i Larvik. Vi held kontakten med dei via Skype. Ei berbar maskin er det vi treng. Slike maskiner har oftast både webkamera, høgtalar og mikrofon.

Teknologien fungerer godt, og kontakten med barnebarn kan vi ha dagleg. Slik kan foreldre få små pustepausar i kvardagen, og vi kan hjelpe til med noko av det vi kan. Ekstra festleg er det når eg omset bøker frå bokmål til nynorsk etter kvart som eg les. Det er heilt i orden for barnebarna.

Kom gjerne med andre eksempel på korleis vi kan hjelpe kvarandre i tida som kjem. Kreative innspel bør vi dele med kvarandre.

Arne Heimestøl

Foto:

Artikkeltags