Rådmann Jostein Aanestad trakk forslaget om å bygge hus i LNF-område på Beitostølen

Laurdag varsla rådmann Jostein Aanestad og kona Ane Kvaale gjennom ein e-post til Øystre Slidre kommune at dei trekkjer reguleringsplanen for Skalstølen. – Når vi no ser at det allereie ved starten av dette planarbeidet er stor skepsis til ei utbygging av området, har vi kome til at vi ikkje går vidare med planarbeidet, uttalar dei.