Rådmannen om nye helsetunet: – Vi vil framleis avkrefte dette som setningssprekkar

Til avisa Valdres måndag uttala prosjektleiar for Øystre Slidre helsetun, Hans Kristian Syversen, at dei har to sprekkar som dei overvakar i det nye bygget. Rådmann Jostein Aanestad seier at dette ikkje er setningssprekkar, men at det er uproblematiske svinnsprekkar. Dette er ein sprekk som oppstår når betong tørkar.