TV2 God morgen Norge med kjendiskokk Wenche Andersen kjem til Røn Gard ved Pjåten tysdag morgon

God fisk: Wenche Andersen har smakt på rakfisk frå Valdres før. No kjem ho til Vestre Slidre og har direktesending på TV frå Røn Gard.

God fisk: Wenche Andersen har smakt på rakfisk frå Valdres før. No kjem ho til Vestre Slidre og har direktesending på TV frå Røn Gard. Foto:

Det er verdt å få med seg TV2 God morgen Norge tysdag morgon, for då kjem kjendiskokk Wenche Andersen til Vestre Slidre. Der skal ho møte familien Røn og sjølvsagt få ei innføring i rakfisk frå Valdres.

DEL

Pjåten: Det blir direktesending og Lage, Endre og Randi Røn gler seg til å få besøk av TV2 nede ved rakfiskanlegget ved Pjåten.

– Wenche Andersen skal salte og leggje ned fisk til raking, fortel Randi Røn til avisa Valdres.

Røn Gard har vore langt framme i kåringane til beste rakfisk dei seinare åra under Rakfiskfestivalen. Familien driv óg Lofoss Fisk. I helga vann dei Folkejuryprisen med Lofoss.

Pjåten: Randi, Endre og Lage Røn hos Røn Gard gler seg til besøk av TV-kokk Wenche Andersen.

Pjåten: Randi, Endre og Lage Røn hos Røn Gard gler seg til besøk av TV-kokk Wenche Andersen. Foto:

Artikkeltags