Hande Gard vann fagjuryprisen og tok dermed andre napp i vandrarpokalen

Vann: Hande Gard ved Randi Berit Hande og barnebarna Thea (f.v.), Vår og Haldor, kunne stolt ta imot pokalen laurdag føremiddag.

Vann: Hande Gard ved Randi Berit Hande og barnebarna Thea (f.v.), Vår og Haldor, kunne stolt ta imot pokalen laurdag føremiddag. Foto:

Hande Gard vart kåra av fagjuryen til å ha den beste rakfisken under Rakfiskfestivalen denne gongen. Dermed tok Randi Berit og Knut Hande sitt andre napp i vandrarpokalen.

DEL

Fagernes: Det var som vanleg stor spaning til kven som kom til å vinne fagjuryen sin pris i år, ettersom Røn Gard og Lofoss Fisk båe to hadde to napp i pokalen. Med eit tredje napp ville dei få pokalen til odel og eige. Slik gjekk det ikkje.

Hande vann prisen

I år vann Hande Gard, med Trøsvik Gård på andreplass og Slidre Ørretsenter på tredjeplass. Juryen forklarte det slik:

- Her har vi veldig fint fileterte filear, lukta av fisken er god og moden, på smak er fisken godt balansert og raksmaken er komplett. I munnen er fisken rein og har ein særs god tyggemotstand, sa juryleiar Guro Helgesdotter Rognså.

Så var det rakfiskgeneral Håvard Halvorsen som las opp vinnaren til slutt. Då vart det sjølvsagt jubel og klapping.

2. plass: Trøsvik Gård ved Audun Øygard tok imot prisen for nest beste fisk i år.

2. plass: Trøsvik Gård ved Audun Øygard tok imot prisen for nest beste fisk i år. Foto:

3. plass: Det er familien Kjernsholen som driver Slidre Ørretsenter, som held til utanfor Valdres, på Ingeberg.

3. plass: Det er familien Kjernsholen som driver Slidre Ørretsenter, som held til utanfor Valdres, på Ingeberg. Foto:

- Kjempemoro

- Dette var kjempemoro, sa Randi Berit Hande til avisa Valdres, og kunne glede seg over å ta sitt andre napp i vandrarpokalen.

- Eg har fått veldig gode tilbakemeldingar på fisken, og forsøker å halde ein jamn og god kvalitet, la Randi Berit til, før ho tok imot gratulasjonane.

Spanande: No har Røn Gard, Lofoss Fisk og Hande Gard alle tre to napp kvar i pokalen. Med tre napp får dei pokalen til odel og eige.

Spanande: No har Røn Gard, Lofoss Fisk og Hande Gard alle tre to napp kvar i pokalen. Med tre napp får dei pokalen til odel og eige. Foto:

Fagjuryen

Guro Helgesdotter Rognså (33) var leiar av fagjuryen i år. Ho leia juryen for fyrste gong i 2018. I år hadde ho med seg Jørn Utheim, Espen Blåfjelldal, Nils Torstein Hermundstad, Knut Erik Grindaker og Lars Erik Underthun i juryen.

Las opp: Dagleg leiar Håvard Halvorsen i Norsk Rakfiskfestival og juryformann Guro Helgesdotter Rognså stod for utdelinga.

Las opp: Dagleg leiar Håvard Halvorsen i Norsk Rakfiskfestival og juryformann Guro Helgesdotter Rognså stod for utdelinga. Foto:

Randi Berit Hande kunne ta imot pokalen for beste rakfisk under Rakfiskfestivalen denne gong, ifølge fagjuryen. - Eg har fått mange gode tilbakemeldingar på fisken vår, seier Randi Berit Hande.

Artikkeltags