Reagerer på at berre fem frå Fagernes, Leira og Aurdal betalar inn til løypelaget. Ber fleire bidra slik at det blir løyper til påske
Artikkelen er over 2 år gammel
Torstein Jæger Dahlen på Fagernes reagerer med vantru på at det berre er fem frå Fagernes, Leira og Aurdal som betalar inn eit bidrag til Aurdal og Kruk Løypelag. Resten blir betalt av hytteeigarane og støtte frå Nord-Aurdal kommune. No ber han nord-aurdølane vera med på spleiselaget, slik at det blir køyrd løyper til påske.